Alt inkludert

bookmark

Snikkikk med Marit Eikemo

tirsdag 28. juli 2015, kl. 19:00

Sal: Berner-kjelleren

Arrangør: Litteraturhuset

Inngang: Gratis

Tidleg ein sommar flyttar Agnes og dottera Maja på 6 år inn i eit hybelhus i eit vanleg norsk nabolag, utan nett- verk,venner eller møblar.Mens Maja speler Nintendo, bruker Agnes tida si på FINN, på leit etter møblar og andre ting dei treng. Ein fellesskap oppstår med menneska i huset, gata og nærområdet, og til å begynne med manøvrerer Agnes greitt gjennom dagane. Men når pengane minkar, løgnene blir fleire og skulestart nærmar seg, blir omgangen stadig meir utfordrande. Med eit fargerikt persongalleri, kostelege scener og eit utforskande alvor, teiknar Marit Eikemo eit skarpt portrett av Noreg i dag, av utanforskap og fellesskap, og av korleis ein lever nedlest av ting, på evig jakt etter meir.

Marit Eikemo (f. 1971) er frå Odda. Ho har jobba som journalist, redaktør og festivalleiar på Litteratursymposiet i Odda. Dette er den fjerde romanen
hennar.