Anna Fiske

bookmark

Hallo byen!

lørdag 23. januar 2010, kl. 13:00

Sal: Sjeherasad

Arrangør: Litteraturhuset

Inngang: Gratis

Alle driv med sitt i ein by. Nokre køyrer brannbil, nokre kokar kaffi, medan andre ventar på toget eller går til barnehagen. I boka Hallo byen! fylgjer vi livet i ein by frå klokka 07.00 til klokka 22.00, og på teikningane kan vi sjå korleis menneske, dyr, hekser og spøkjelse forflyttar seg gjennom gatene. Anna Fiske viser teikningane, og kanskje får barna òg vere med og teikne byliv?

For barn frå tre år.