Antikken

bookmark

Føredrag ved Thea Selliaas Thorsen

lørdag 31. januar 2015, kl. 15:00

Sal: Wergeland

Arrangør: Litteraturhuset

Inngang: Gratis

Ein reknar åra frå 500 før Kristi fødsel til 500 år etter som antikken. Det handlar om elegiar, jambar og lyrer. Kva samfunn blei dramaa til Sofokles og dikta til Sapfo skrivne i? Korleis ser antikken ut når han blir til kunstgjenstandar, og kva tonespråk valde musikarane på denne tida?

Denne vinteren og våren tek me for oss dei store kulturhistoriske epokane og ser nærare på kva som karakteriserer dei. På kva måte set tida avtrykk i litteratur, musikk og kunst? Thea Selliaas Thorsen er klassiskfilolog og forfattar og har mellom anna attdikta lyrikk av den antikke poeten Ovid. No opnar ho serien med å snakke seg varm om antikken.

Arrangementet er ein del av Litteraturhusets satsing Folkeopplysning, som blir presentert i samarbeid med DNB.