Åpen mikrofon

bookmark

Har du noko på hjartet?

fredag 13. mai 2011, kl. 21:00

Sal: Kjelleren

Arrangør: Litteraturhuset

Inngang: Gratis

Denne kvelden er Litteraturhusets mikrofon open for alle. Spirande forfattarar kan lese eller opptre i inntil tre minutt, og DJ99, alias Guttorm Andreassen, set stemninga både før og etter lesingane. Litteraturhuset arrangerer denne kvelden open mikrofon for tolvte gong. Opplesarane har vore mellom sytten og nittifire år, og alle tenkjelege sjangrar har vore representerte. Alle kan vere med, men fyrstemann til mølla! Påmelding éin time før arrangementet tek til.

Velkomen til fullt hus, litterært påfyll og fest ut i natta med DJ99 og Club Kwassa Kwassa.