Åpen mikrofon

bookmark

Har du noko på hjartet?

fredag 14. september 2012, kl. 21:00

Sal: Kjelleren

Arrangør: Litteraturhuset

Inngang: Gratis

Dikt med eller utan rim, små kvardagstraume, songtekstar eller utdrag frå noko som med tid og stunder skal bli Den Store Romanen. Ta dei med til Litteraturhuset denne kvelden, grip mikrofonen og hev røysta. For dette er kvelden alle som vil, får lese eller opptre. Åpen mikrofon har plass for alt. I tre minutt er golvet og mikrofonen din, og det er førstemann til mølla!

Påmelding éin time før arrangementsstart i Kafe Oslo. DJ99 aka Guttorm Andreasen set stemninga både før, under og etter lesingane. Velkommen.

Arrangementet er ein del av programmet til Oslo kulturnatt.