Bråtveitforelesinga

bookmark

Villskap må ikkje tolast!

lørdag 30. oktober 2010, kl. 14:00

Sal: Amalie Skram

Arrangør: Norsk Forfattersentrum

Inngang: Billett

I 1940 kom krigen og romanen Kimen av Tarjei Vesaas. Frå og med denne boka vert Vesaas ein meir eksperimentell diktar enn tidlegare. Bråtveit vil her fokusera på Vesaas som humanist, at «Villskap ikkje må tolast», og kva som hender, før og etter, når villskapen slår ned i eit heilt folk. 

Inger Bråtveit
debuterte i 2002 med romanen Munn mot ein frosen fjord. For den fekk ho Nynorsk litteraturpris, og ho vart kåra til «Årets debutant» på Forfatterne.net. Hausten 2008 kom Bråtveits andre roman, Siss og Unn, ein roman om mødrer og døtrer, om å klara seg og å gå til grunne. Bråtveit fekk Bjørnsonstipendet i 2009.