Dei skitne glasrutene

bookmark

Laurdagsforedrag ved Kjartan Fløgstad

lørdag 22. januar 2011, kl. 15:00

Sal: Wergeland

Arrangør: Litteraturhuset

Inngang: Gratis

«Vi ser og formidlar verda gjennom språket. Men orda våre er sjeldan blankpussa, og språkmaterialet er ikkje av gjennomsiktig glas. Glasrutene er tilsmussa og forureina.»

Dette sa Kjartan Fløgstad i foredraget han heldt på litteratursymposiet i Odda hausten 2010. Eit foredrag der han tok for seg korleis glasrutene – språket me brukar for å skildra verda – er farga av alskens ideologisk smuss og skit.

Gjennom meir enn førti år har Fløgstad vore ein leiande figur i både det litterære og det ideologiske ordskiftet i Noreg. Romanar som til dømes Dalen Portland, Fyr og flamme og seinast Grense Jakobselv, samt essay som «Loven vest for Pecos» og «Osloprosessen», er i dag med på å prega korleis me forstår oss sjølve, landet, verda og tida med lever i. Gjennom heile Fløgstads virke, frå det episke til det teoretiske, frå
popsongar til politikk, går det ein klår og brennande tanke.

No kjem Fløgstad til Litteraturhuset for å halda Osloutgåva av foredraget, og me får eit sjeldsynt høve til å høyra Fløgstad vaska glasrutene rundt oss fritt for noko av skiten som sit fast på dei.