Den vesle pianisten

Den vesle pianisten

bookmark

Snikkikk med Lars Amund Vaage

tirsdag 25. juli 2017, kl. 19:00 til kl. 20:00

Sal: Berner-kjelleren

Arrangør: Litteraturhuset

Inngang: Gratis

I dei åtte novellene i Den vesle pianisten finst gutungar, ungdomar og vaksne menn som leitar etter eit eige språk, borte frå heimen og bygda, i skrifta eller musikken. Dei lengtar etter ord som kan forløysa noko i dei, ord som kan forbinde dei til andre menneske, ord som kanskje ikkje finst. Reiser dei ut, er dei framande; vender dei heim, er det ikkje nokon heim å finna. Det handlar om ambivalensen i menneskelege relasjonar, om sorga over språkløysa og om det plutselege svevet i ein vellukka komposisjon.

Lars Amund Vaage debuterte i 1979 med romanen Øvelse kald vinter og gav ut si første novellesamling, Kyr, i 1983. Sidan har han gitt ut mange bøker i andre sjangrar, og har vunne ei lang rekke priser, mellom anna Aschehougprisen, Doblougprisen, Gyldendalprisen og Brageprisen.