Ein kveld om Arne Garborg som diktar og tenkjar

bookmark

Eskil Skjeldal, Gudleiv Bø, Norunn Askeland og Jan Inge Sørbø

tirsdag 25. januar 2011, kl. 19:00

Sal: Amalie Skram

Arrangør: Efrem forlag

Inngang: Gratis

Arne Garborg var eit prisme for mange av dei intellektuelle og åndelege impulsane som trefte Noreg på 1880- og 90-talet. Dette gjer han til ein spennande forfattar, vanskeleg å putte i éin bås, og bidraget hans til kulturhistoria vår er større enn dei skjønlitterære tekstane. Arven etter han har sider som har vore etter måten lite påakta: Ei av desse sidene er tenkjaren, Garborg ”med lykti i hand”, med tankar som skulle vise seg å byggje bru til framtida.

Boka "Med lykti i hand" – Garborg som diktar og tenkjar kastar lys over både mennesket og forfattaren Arne Garborg. Dei fremste Garborg-kjennarane i landet har analysert forfattarskapen hans ut frå teologiske, filosofiske, religionsvitskapelege, estetiske og litteraturvitskaplege perspektiv, og formidlinga til nye generasjonar er vigd ein eigen bolk. Hovuddelen i antologien er likevel ”Garborg på leiting.” Han har ein bodskap nettopp til vår fleirkulturelle tid: Ingen sanningar er sjølvsagde lenger; vi må difor, som Garborg, tenkje sjølve. 

Denne kvelden vil redaktørane Eskil Skjeldal, Gudleiv Bø og Norunn Askeland greie ut om kvifor Garborg framleis fortener ein betydelig plass i Noregs litterære kanon. Professor og forfattar Jan Inge Sørbø vil være til stades og forsvare si meining om at Garborg har skrive det beste diktet, den beste romanen og har hatt den beste (sakprosa)penn i Noreg på 1800-talet.