Eritreiske forfattere i eksil

bookmark

Temakveld

torsdag 5. november 2015, kl. 19:00

Sal: Amalie Skram

Arrangør: Norsk PENs Fengslede Forfatteres Komité

Inngang: Gratis

Velkommen til Eritrea-kveld på Litteraturhuset! Bli kjent med eritreiske folkeeventyr, høyr Karius og Baktus opplest på tigrinja, få innsikt i forholdet mellom Eritrea og Norge, og gled deg til enda fleire hyggelege overraskingar.

Medverkande er mellom andre dei tidlegare fribyforfattarane Dessale Berekhet og Haile Bizen Abrha, forfattar Nathan H. Mogos og historikar og leiar for Senter for fredsstudier ved UiT Christine Smith-Simonsen.

Arrangør er Norsk PENs Fengslede Forfatteres Komité, som har tatt initiativ til ei rekke arrangement med formål å presentere utanlandske forfattarar som lever og skriv i Norge, og andre med særleg tilknytning til og kunnskap om dei ulike landa.

Norsk PENs Fengslede Forfatteres Komité består av medlemmar frå Norsk PEN, Den norske Forfatterforening, Norsk Oversetterforening, Norske Barne- og Ungdomsbokforfattere og Norsk faglitterær forfatter- og oversetterforening.

Se arrangementet på Facebook her