Fin favoritt

bookmark

UTSATT Den aller beste forfattaren

torsdag 17. september 2015, kl. 18:00

Sal: Nedjma

Arrangør: Litteraturhuset

Inngang: Gratis

ARRANGEMENTET HAR BLITT UTSATT

Kva forfattar skriv aller finast? Kven sender dei skumlaste grøssa nedetter ryggen og lagar det beste forelskasuget i magen, berre ved å bruke ord? Kva forfattar vel du som favoritt når du er elleve år?

I Litteraturhusets serie «Fin favoritt» er klasser ved ulike skular med på å velje ut sine yndlingsforfattarar. Hilde Hagerup, Bjørn Ingvaldsen og Jørn Lier Horst har alle vore på bokbesøk. Kven kjem denne hausten? Arrangementet er støtta av Norsk Forfattersentrum og passar best for dei over elleve år.