Finn Fløgstad

bookmark

Med Kjartan Fløgstad og Åsa Linderborg

onsdag 5. september 2012, kl. 19:00

Sal: Wergeland

Arrangør: Litteraturhuset

Inngang: Billett

Kjartan Fløgstad fekk sitt store litterære gjennombrot då han med romanen Dalen Portland vann Nordisk råds litteraturpris i 1978. Trettifem år seinare er han framleis i storform.

Han har blødmer, samfunnskritikk og hardkokte fakta som nokre av sine viktigaste kjenneteikn. Han har skrive romanar, reiseskildringar, lyrikk og dramatikk og blir rekna for ein av våre fremste essayistar. Den førre romanen vekte stor oppsikt, og forventningane til den nye Nordaustpassasjen er unekteleg store. Kva har han så skrive om denne gongen? Svaret kjem an på kva vinkel ein vel, kva ein festar blikket på. Og som alltid er det mykje å velje i. Ei overflate om to smågutar som så vidt slepp unna den spanske borgarkrigen og deretter lever to svært ulike liv i Mexico og Sovjetsamveldet. Men kor er dei to mannsaldrar seinare? Og kven er han som fortel historia om dei, dette eg-et som er på stadig reise, og kva motiv har han eigentleg for å fortelje? I tillegg er det alt det andre: om å skrive, om å vere menneske, strategisk kommunikasjon, is som smeltar, skifte i ideologisk klima og om å frakte tsarens gull på høgst ureglementert vis.

Åsa Linderborg er kulturredaktør i svenske Aftonbladet, har doktorgrad i svensk sosialdemokratisk historieskriving og er sjølv ein kritikarrost skjønnlitterær forfattar. Ho møter Kjartan Fløgstad til samtale denne kvelden.