Fridom, likskap, brorskap?

bookmark

Laurdagsforedrag ved Kjerstin Aukrust

lørdag 29. april 2017, kl. 15:00

Sal: Wergeland

Arrangør: Litteraturhuset

Inngang: Gratis

Denne våren skal franskmennene velje ny president og stake ut vegen vidare. Kva slags land overtek den nye presidenten? Arbeidsløyse, innvandring og auka sosiale skilnader er høgaktuelle tema som skaper debatt og nye politiske vindar. Dei sterke høgrepopulistiske kreftene med Nasjonal Front i spissen vinn terreng grunna terrorfrykt og straumen av flyktningar gjennom Europa. Samstundes ser vi eit heilt nytt politisk landskap ta form og etablerte parti blir utfordra. Korleis har Frankrike hamna her?

Kjerstin Aukrust er fyrsteamanuensis i fransk litteratur og områdekunnskap ved Universitetet i Oslo. I dette foredraget går ho inn bak overskriftene om presidentvalet og gir ei innføring i den politiske situasjonen i Frankrike, i ljos av den ofte turbulente historia til landet.

Foredraget er del av serien om europeiske stormakter i endring på Litteraturhuset denne våren.