Handle meir, tenkje mindre

bookmark

Øyehaug, Flikke og Steenstrup

onsdag 22. april 2015, kl. 19:00

Sal: Wergeland

Arrangør: Litteraturhuset

Inngang: Billett

Sigrid heiter hovudpersonen i Gunnhild Øyehaugs roman Vente, blinke. Eit perfekt bilete av eit personleg indre frå 2008. Sigrid er ein litteraturstudent som går inn for mindre refleksjon og meir action og grip tak i den mykje eldre Dante-siterande forfattaren Kåre når han kjem forbi på lanseringsturné.

No har Sigrid gått til filmen. Ho har vorte stjerne i adaptasjonen som har fått namnet Kvinner i for store herreskjorter.

Manus til filmen er skrive av Øyehaug og regissør Yngvild Sve Flikke i tett, entusiastisk samarbeid, og dette er regissørens fyrste langfilm. Til liks med romanen har også filmen fått mange lovord. Og framleis vert skranglete lagnader og famlinga etter å finne fram til seg sjølv skildra.

Gunnhild Øyehaug er ein sentral figur i det bergenske litterære miljøet, har publisert i dei fleste sjangrar (poesi, essay, noveller og romanar, no sist Undis Brekke frå 2014), underviser på Skrivekunstakademiet og er i år festspeldiktar ved Dei nynorske festspela. Yngvild Sve Flikke har mange år bak seg som journalist og regissør i NRK og har mellom anna jobba med dokumentar og fiksjon i U, Lydverket og Super.

No snakkar dei to med Silje Riise Næss frå Litteraturhuset om kvifor det blei naudsynt å flytte Sigrid frå Bergen til Trondheim, og korleis ein persons indre vert sjåande ut når det går frå tekst til lerret. I tillegg kjem Henriette Steenstrup, som i filmen spelar gravid performance-artist.

FOTO: Motlys