Hauglandforelesinga

bookmark

Krafta i det usaklege

lørdag 29. august 2015, kl. 14:00

Sal: Amalie Skram

Arrangør: Norsk Forfattersentrum i samarbeid med Forlaget Oktober og Dagsavisen

Inngang: Billett

Om dyr og draumar og det å ta fyr. Om kva skjønnlitteraturen kan gjere med eit menneske, korleis den kan flytte alt og gjere ein til ein annan

Tormod Haugland debuterte i 1994 med romanen Under og har sidan gjeve ut bøker i ulike sjangrar. I år kjem Mørk materie, ein roman om tilhøvet mellom det ytre livet, det synlege, og det indre, det tenkte og usagde, som er den delen av mennesket ein aldri kan nå inn til anna enn gjennom spekulasjonar og førestellingar. Hauglandforelesinga inngår i eit prosjekt som vidareutviklar bygde-essayet, ein sjanger Haugland undersøkte i boka Prosa Obskura (2008).