Heime hos Bjella

bookmark

Med Stein Torleif Bjella og Vidar Kvalshaug

fredag 28. juni 2013, kl. 20:00

Arrangør: Litteraturhuset

Inngang: Gratis

Det bur so mykje i meg hadde du visst det hadde du alder banka på.
Når eg fyrst kjem i siget er eg seig og du kjem alder herifrå.

Album Vonde visu blei ein favoritt hos både kritikarar og publikum då det kom ut i 2011. Stein Torleif Bjella fekk rykte på seg for å få vaksne menn til å grine og blei kalla talsmann for dei tause mennene.

Han evnar å gjere det lokale universelt og private minne om til noko som gjeld oss alle. Kva for forfattarar og tekstskribentar har så prega han på vegen, kva les han, og kven kan ein kalle Bjellas litterære førebilete?

Det er den tekstleg forankra sing-songwritingen som ligg forfattaren og litteraturkritikaren Vidar Kvalshaugs hjarte nærast. No snakkar Kvalshaug om favorittsjangeren sin med mannen som gjorde bygda Ål til vår alles heimplass, før det blir minikonsert med Bjella og gitar.