Herjebarn i skuggen

bookmark

Ruth Lillegraven og Finn Skårderud

onsdag 12. november 2014, kl. 19:00

Sal: Berner-kjelleren

Arrangør: Litteraturhuset

Inngang: Billett

eg er inkjekjønn
seier eg, vil ikkje
klassifiserast, for eg
er meg, og berre meg
er slett ikkje noko kjønn
høyrer du

Manilahallen heiter Ruth Lillegravens siste diktsamling, med undertittelen Eit dikt. Eit liv, og me har å gjere med ein biografi i diktform. Birgit var eit herjebarn, høgst opp, lengst ut. Seinare går ho eigne vegar, jobbar på Club7 og forlèt tru og tradisjon når ho ikkje finn seg til rette i rolla ho blir tildelt som mor, kvinne, hustru. Men ho har ein skugge bak ryggen, skapt av dei to spritluktande mennene som drog henne inn i ein garasje som tolvåring. Etter å ha fødd tre barn et ho seg ned til 38 kilo. Ho blir lagd inn på Modum bad, og det er der ho nektar å la seg klassifisere.

Før har Lillegraven skrive Urd, som blei heidra med Brageprisen og Bokbloggarprisen. Også der tok ho tak i kvinner som levde liv på eigne premissar, og også der handla det om dei store tinga i eit menneskeliv. Trassen, tida som går medan ein slit med å velje, og lagnaden gjer sitt. Finn Skårderud er forfattar og psykiater og har nettopp opna behandlings- og formidlingsinstitusjonen Villa Sult. No samtalar han med Lillegraven om å gjere levd liv om til dikt.