Historisk søndag

bookmark

Ole M. Ellefsen om Jan Mayen

søndag 29. september 2013, kl. 13:00

Sal: Amalie Skram

Arrangør: Litteraturhuset

Inngang: Gratis

Sommaren 1926 frakta skuta M/K «Ringnæs» elleve mann til Jan Mayen. Her skulle dei bli over vinteren for å jakte rev, som dei trudde det var masse av på øya. Dei flytta inn i tre primitive jakthytter og ein vêrstasjon. Her levde dei under kummerlege tilhøve gjennom ein beinhard vinter. Då det viste seg at det nesten ikkje var rev på øya, blei det kamp om ressursane. Jaktlaga krangla med kvarandre, og det blei harde konfrontasjonar.

Ole M. Ellefsen er forfattar og journalist og har mellom anna skrive fleire bøker med maritime tema. Ved hjelp av dagboknotat og historiske undersøkingar har han no skrive boka Revejegerane på Jan Mayen. No kjem han for å gi oss eit innblikk i korleis den vanskelege kvardagen fortona seg for desse uheldige mennene gjennom vintermørkret.

FOTO: Norsk Polarinstitutt