Juleavslutning

bookmark

Med høgtidleg spørjeleik

onsdag 15. desember 2010, kl. 19:00

Sal: Wergeland

Arrangør: Litteraturhuset

Inngang: Gratis

Kven blir noregsmeister i litteratur i 2010? I kveld kan du ta ein pause frå julestrida med kakebakst og golvvask og heller tørke støv av gamal kunnskap. For tredje gong på Litteraturhuset har du høve til å bli noregsmeister i litteratur. Vinnarlaget frå i fjor blir utfordra, og vil du kome med på vandrepokalen, er det berre å kvesse blyantane og samle eit allsidig lag med kunnskapar om både levande og døde forfattarar, gode sitat og sære pseudonym.

Spørjemeistrar er Tuva Ørbeck Sørheim, Anne Gaathaug og Aslak Sira Myhre. Maks seks deltakarar per lag. Påmelding til post@litteraturhuset.no.