Korleis dekke IS?
Møte om islamistisk ekstremisme og journalistikk
Bilete av dei svartkledde IS-krigarane går verda rundt. Organisasjonen brukar sosiale medier for å spreie videoar av halshuggingar og systematiske likvideringar. Korleis bør journalistar dekka IS, og kven er framandkrigarane som reiser til Irak og Syria for å kjempa for IS?
Internasjonal Reporter og Hate Speech International har gleda av å invitera deg til dette opne møtet om IS. I panelet sit tre journalistar som alle har dekka framandkrigarar i heimlandet sitt – Amund Bakke Foss frå Noreg, Per Gudmundsson frå Sverige og Nikki Sterkenburg frå Nederland. I tillegg stiller journalist og forfattar Øyvind Strømmen frå Hate Speech International.
Mah-Rukh Ali er møteleiar, møtet blir halde på engelsk.
FOTO: Karl-Ludwig Poggemann