Krzysztof Kamil Baczynski

bookmark

– poesi om krig og kjærlighet som beholder sin aktualitet

tirsdag 7. oktober 2014, kl. 18:00

Sal: Berner-kjelleren

Arrangør: Republikken Polens Ambassade

Inngang: Gratis

I våre hjarte flaksar ørnen og vårt blikk skal brenne gjennom panser

Warszawaoppstanden braut ut 1. august 1944 i tyskokkuperte Warszawa. Opprøret er eit vitnemål om ein stor polsk heltedåd av eit folk i kompromisslaus kamp mot naziokkupantane om nasjonens fridom. Krzysztof Kamil Baczynski, blant dei mest berømte polske poetane på nittenhundretalet, var ein av representantane for den såkalle Kolumbus-generasjonen som gav livet sitt for heimlandet i kampen mot naziterroren. Sjølv om han fall under Warszawaoppstanden berre 23 år gammal, lét han etter seg omlag 500 dikt.

Poesien hans, som handlar om grufulle krigsscenar, går hand i hand med den mest brennande kjærleikslyrikken vi kjenner i polsk poesi. Programmet om Warszawaoppstanden er todelt og blir innleia med ein generell historisk presentasjon av oppstanden, som gjekk føre seg i august-september 1944. Deretter er turen kommen til Baczynskis poesi, som vil bli framført med opplesingar, nykomponert musikk av Inger Johanne Brunvoll  og introduksjonar. Med i denne framsyninga er også fiolinisten Zdzislaw Lech. Christ Allan Sylthe og Danuta Palinska les dikta, og Jostein Sæbøe introduserer mellom opplesingane.

Denne forestillinga er basert på eit utval tekster frå eit gjendiktingsprosjekt med over 80 Baczynski-dikt som Danuta Palinska og Jostein Sæbøe står bak.

Programmet markerer 70-års jubiléet for Warszawaoppstanden.