Kva gjer eit menneske interessant?
Med Cecilie Enger og Sigrun Slapgard
Cecilie Enger og Sigrun Slapgard skriv om alminnelege menneske i storslåtte omgjevnader. I romanane Kammerpiken og Paradishagen får ein innblikk i dei veldige omveltingane i det tjuande hundreåret. Frå slottet i Oslo og klosterbiblioteket i Austerrike har kammerpika Hilda Cooper og bibliotekar Kurt Leonard unik tilgang til historia.