Litt lengre lesing

bookmark

Brune

lørdag 9. april 2016, kl. 13:00

Sal: Berner-kjelleren

Arrangør: Litteraturhuset

Inngang: Gratis

Forteljinga om Brune er ei annleis superhelthistorie. Rune blir til Brune om natta og målar syklane til dei slemme, store gutane. Men har han skulda for det som blir gjort medan han er superhelt? Håkon Øvreås og Øyvind Torseter har saman laga forteljinga om Brune, som blei heidra med Nordisk råds barne- og ungdomslitteraturpris for 2014.

«Litt lengre lesing» er ein arrangementsserie for dei som likar å høyre slutten. No les skodespelaren Kim Haugen seg gjennom heile forteljinga om Rune som målar med brunt på natta. Arrangementet tek ein liten time og passar best for barn frå seks år.

ILL.: Øyvind Torseter