Litterær kjærleik

bookmark

Lørdagsforedrag ved Per Thomas Andersen

lørdag 15. september 2012, kl. 15:00

Sal: Wergeland

Arrangør: Litteraturhuset

Inngang: Gratis

Soga om Tristram og Isond har vore kalla den fyrste norske romanen. Soga er den norske versjonen av ein av dei mest kjende tragediane frå mellomalderen, den om Tristan og Isolde. Dei to drikk ein trylledrikk, elskar kvarandre det dei kan, og blir ulukkelege til slutt. Men korleis gjer dei det på norsk?

Professor i nordisk litteratur Per Thomas Andersen (UiO) snakkar om det han kallar kjærleikstanken i den norske litteraturen denne laurdagen. Han byrjar med Tristram og Isond og følgjer litteraturen heilt fram til ein av våre viktigaste samtidsforfattarar, Trude Marstein. Og ingen gjer slike sveip over den norske litteraturhistoria betre: Med sitt nyredigerte, kritikarroste verk Norges litteraturhistorie har han greidd bragda å presentere eit heilt lands litterære arv i eitt band.