Litterære reiser

bookmark

– i hælane på Ryszard Kapuscinski

onsdag 11. august 2010, kl. 19:00

Sal: Wergeland

Arrangør: Litteraturhuset

Inngang: Gratis

Reisa i litteraturen og litteraturen som reise; reiseskildringa er ein hybrid sjanger i kryssinga mellom dagbok, filosofi og essayistikk. Den litterære reisa og forfattaren som reisande er temaet denne kvelden. Reiseskildringa har blitt dyrka og utvikla på tvers av hundreåra sidan Herodots dagar, og dei siste tiåra er det særleg polske Ryzard Kapuscinski (1932-2007) som har blitt omtalt som reisereportasjens fremste fornyar. Han er kjend for reisene sine i Sovjetunionen (Imperiet) og dei legendariske reportasjane frå det afrikanske kontinentet (Keisaren, Ibenholt), Asia (Sjahen), Latin-Amerika (Fotballkrigen); tekstar han sjølv omtalte som «litteratur til fots». Tidlegare i år kom biografien Kapuscinski non-fiction, skriven av Artur Domosławski, som meiner verdsreporteren drog journalistikken for langt inn på området til litteraturen.

Andre meiner at nettopp Kapuscinskis tekstar peikar på paradokset til reiseskildringa; at den subjektive, fragmentariske forteljinga kan formidle vel så objektive vitnemål frå historia; at truverdet ofte har litterære føresetnader. Skodespelar Mattis Herman Nyquist les utdrag frå Kapuscinskis tekstar, medan Tor Eystein Øverås, Arne Melberg og Sigrun Slapgard ser nærare på den litterære reiselitteraturen med utgangspunkt i Kapuścińskis forfattarskap.

Tor Eystein Øverås vart kåra til Årets litteraturkritikar 2010 og har mellom anna skrive essaysamlingane Livet! Litteraturen! (2009) og Til (2006), som består av litterære reiseskildringar frå landa rundt Austersjøen. Arne Melberg er professor i allmenn litteraturvitskap ved Universitetet i Oslo og forfattar av mellom anna Å reise og skrive. Et essay om moderne reiselitteratur (2005) og Selvskrevet. Om selvfremstilling i litteraturen (2007). Sigrun Slapgard er forfatter og journalist, og har blant annet arbeidet i NRKs utenriksredaksjon og vært programleder for Urix. Samtaleleiar er Bente Riise, redaktør i Syn og Segn og leiar i Norsk tidsskriftforening. Ho gav ut dokumentarboka Mor Russlands døtre i 1992.

 

NB. Programendring. Åsne Seierstad måtte dessverre melde avbud.