Liv på lørdag

bookmark

Om apekattar

lørdag 12. november 2011, kl. 12:00

Sal: Kjelleren

Arrangør: Litteraturhuset

Inngang: Billett

«Din apekatt», seier kanskje dei vaksne om du klatrar for høgt eller ikkje står still når dei ber deg om det. Heidi Marie Vestrheim og Kåre Magnus Bergh kan både frekke apestunt og apestrekar, og ein apesong. Dei fortel også historia om den gongen for lenge sidan då apene leika på bakken, før dei drog Krokodille i halen, og alt enda oppe i trea. Passar best for barn frå to til fire år.