Liv på lørdag

bookmark

Om dei ville dyra i skogen

lørdag 26. oktober 2013, kl. 13:00

Sal: Wergeland

Arrangør: Litteraturhuset

Inngang: Billett

I skogen finst det mykje rart. Tyttebær, sauebæsj og maurtuver. Og ein og annan bjørn, gaupe, rev, ulv og tiger, kanskje? Et bamsar helst bær eller barn? Har revar kvit, raud eller blå pels? Og kor mange tigrar finst det eigentleg i dei norske skogene? Heidi Marie og Mads veit kvar ein finn tigrar, og dei har fått tak i den heilt nye boka Tambar og den lille snille ulven, som handlar om eit lite troll som møter ein ulveunge i skogen. Tor Åge Bringsværd har skrive boka, og Lisa Aisato har teikna. No kjem Lisa på besøk til Heidi Marie og Mads. Passar best for barn frå fem til åtte år.