Liv på lørdag

bookmark

Om å byggje hytte

lørdag 22. mars 2014, kl. 12:00

Sal: Wergeland

Arrangør: Litteraturhuset

Inngang: Billett

I dag byggjer Mads og Wilhelm hytte. Korleis går det når Mads vil byggje hytte i fleire etasjar? Og kva treng ein eigentleg for å få til ei skikkeleg kremhytte? Dei to les også boka Ingrid og Ivar er bestevenner. Den er skriven av Katerina Janouch, medan Mervi Lindman har teikna til. Ingrid og Ivar er så glade for å vere to, for då kan ein gjere så mykje i lag – vere ute heile dagen, klatre i trea og byggje hytte! Passar best for barn frå to til fire år.

ILL.: Mervi Lindman