Lørdagsklassikeren

bookmark

Den ville ungen

lørdag 17. november 2012, kl. 12:00

Sal: Sjeherasad

Arrangør: Litteraturhuset

Inngang: Gratis

Den ville ungen badar i mammas oppvaskvatn, forsvinn opp i tre, og kva skjer når ungen går seg vill i skogen og møter ein ulv som sleikjer han i andletet? Jo, ungen sleikjer tilbake! Det er Barbro Lindgren som har skrive bøkene om den ville ungen, Eva Eriksson har illustrert, og den norske omsetjinga er ved Hanna Midtbø. No kjem forteljaren Per Jostein Aarsand for å lese meir om ungen som har ei mor som elskar han uansett, og som stikk av heilt til månen saman med leikedyra sine.

Det blir lesestund både klokka tolv og klokka eitt. Passar for barn frå tre år.

Gratisbilletter deles ut tredje etasje fra kl.11.