Løvekyllingen Per Knotten

bookmark

Berit Nermoen og Kristian Wentzel

lørdag 24. januar 2015, kl. 13:00

Sal: Berner-kjelleren

Arrangør: Litteraturhuset

Inngang: Billett

Knotten har ei mor som er løve, og ein far som er hane. Han veks opp hos mora, og det har ikkje alltid vore så lett. Særleg ikkje når alle dei valdelege
løvesyskenborna kjem på besøk. Men Knotten har ein hemmeleg draum. Han vil lage små dikt og forteljingar som kan trøyste og hjelpe andre som er triste eller ikkje tør. Sinnadikt og gladdikt. Og er det sant som Knotten trur, at han er verdas beste slampoet?

Berit Nermoen er mest kjend som Fantorangens røyst, rørsler og dokkemakar. No kjem ho saman med musikar Kristian Wentzel for å fortelje den utrulege historia til verdas kanskje einaste løvekjukling. Passar best for dei frå tre år.