Marie Curie – to grunnstoff, to nobelprisar, ei beintøff dame

bookmark

Laurdagsføredrag ved Sunniva Siem

lørdag 8. mai 2010, kl. 15:00

Sal: Wergeland

Arrangør: Litteraturhuset

Inngang: Gratis

Marie Curie var ikkje berre ein naturvitskapleg pionér, ho var og Frankrikes fyrste kvinnelege professor og den einaste nokosinne som har fått to nobelprisar, i både fysikk og kjemi. Saman med Henri Becquerel og ektemannen Pierre Curie fann ho i 1903 grunnstoffet polonium, oppkalla etter heimlandet hennar, Polen. Etter mannens plutselege død i ei trafikkulukke heldt ho fram forskargjerninga åleine. Marie Curie døydde til slutt for saka, lenge før ein såg samanhengen mellom stråling og kreftfare. Fingertuppane hennar var brende og auga nesten øydelagde av laboratoriearbeid. Arven etter henne vart vidareførd av dottera, som i 1935 vann endå ein nobelpris i kjemi. I serien om store namn og oppdagingar i historia er turen i dag komen til Marie Curie.

Føredragshaldar er fysikar Sunniva Siem, Universitetet i Oslo.