Norrøn mytologi

bookmark

Ved Gro Steinsland

lørdag 12. mars 2016, kl. 15:00

Sal: Wergeland

Arrangør: Litteraturhuset

Inngang: Gratis

Yme heitte kjempa som heile den norrøne gudeverda spring ut av. Føtene hans parar seg, og avkommet vert jotnane som slår seg til ute i Utgard. Æsene, dei høgverdige gudane, held til i Åsgard, der dei kjempar, døyr og står opp att når det er kveld og på tide å slakte den evigvarande grisen Særimne.

Den norrøne mytologien er eit skattkammer av kulturelle minne som fortel korleis nordbuane i førkristen tid oppfatta seg sjølve og si verd. Fargerike skapingsmytar fortel om korleis kosmos, samfunnshierarkiet og menneska har blitt til. I skiftande scener frå Åsgard, Midgard og Utgard kan me følgje kampane mellom gudar og jotnar, orden mot uorden, kosmos mot kaos. Typisk for den norrøne mentaliteten er tvisynet: Gudane treng kunnskapen og eignelutene til jotnane. Difor er møte, kompromiss og avtalar mellom maktene naudsynte for å skape balanse. Gudar gifter seg med vakre jotunkvinner, av erotiske alliansar på tvers veks konge- og herskarslektene fram.   

Det går liner frå dei norrøne mytane i mellomalderdrakt og fram til nasjonsbyggjinga på 1800-talet, seier Gro Steinsland, professor i religionshistorie ved Universitetet i Oslo. Ho har undervist og forska på dette mytematerialet i førti år og avrundar no Litteraturhusets serie om mytologiar med føredrag om den norrøne gudeverda.

Arrangementet er del av Litteraturhusets satsing Folkeopplysning, som vert presentert i samarbeid med DNB.