Årstala som endra historia

bookmark

Med Elisabeth Åsbrink, Joar Hoel Larsen, Per Anders Madsen, Thorvald Steen og Eva Bratholm

lørdag 20. oktober 2018, kl. 18:15 til kl. 19:00

Sal: Berner-kjelleren

Arrangør: Norsk faglitterær forfatter- og oversetterforening

Inngang: Gratis

Kva år endra din historie mest? Kva år var viktigast for verdshistoria? Fem forfattarar har særleg sterke meiningar om kva år verda endra seg mest. Dei møtest til ein avsluttande, kanskje underhaldande og garantert opplysande “debatt” om årstal, verdshistorie og utvikling.

 

Eva Bratholm leier samtalen.

Joar Hoel Larsen var utanrikskorrespondent for NRK og er aktuell med boka 1968. 

Per Anders Madsen var redaktør i Aftenposten og jobbar med ei bok om 1989, året då muren fall og tilhøvet mellom aust og vest vart endra for alltid.

Thorvald Steen er forfattar og meiner verda aldri blei den same etter 1204.

Elisabeth Åsbrink er forfattar og journalist og har hevda at Europa vart forma i 1947.