Krigen sett frå Skedsmo og Berlin

bookmark

Med Thor, Erle Maria og Sarah Sørheim

lørdag 20. oktober 2018, kl. 15:00 til kl. 15:45

Sal: Amalie Skram

Arrangør: Norsk faglitterær forfatter- og oversetterforening

Inngang: Gratis

På byrjinga av nittitalet lagde Thor Sørheim frukost til døtrene Erle Marie og Sarah, sende dei til skulen, og sette seg og skreiv om andre verdskrigen i Skedsmo. Thors lokalhistorie blei pensum for døtrene. No kjem Erle Marie Sørheim med si sakprosabok om krigen, om og frå Berlin. Storesøster Sarah intervjuar Erle Marie og Thor om å skrive lokalhistorisk og om å skrive om krigen.

 

THOR SØRHEIM er lyrikar og lokalhistorikar.

ERLE MARIE SØRHEIM er forfattar og litteraturkritikar. Til Berlin faller er andre boka hennar.

SARAH SØRHEIM er kulturredaktør i Aftenposten.