Særoppgåver

bookmark

Med Mimir Kristjansson, Dag O. Hessen og Kristin Fridtun

lørdag 20. oktober 2018, kl. 14:00 til kl. 14:45

Sal: Berner-kjelleren

Arrangør: Norsk faglitterær forfatter- og oversetterforening

Inngang: Gratis

“Fin novelle, men litt vanskeleg nynorsk”, var tiandeklassingen Kristin Fridtuns konklusjon om ein tekst av Tarjei Vesaas. Denne særoppgåva er ein av fleire som forfattarane bak, no etablerte  alle saman, skal vise fram på sakprosafestivalen. Dette blir ein time for alle aldrar. Professorar så vel som nyheitsredaktørar reflekterer over arbeidet dei gjorde, kvifor dei gjorde det slik, og kva dei kanskje skulle ha gjort annleis.

 

MIMIR KRISTJANSSON er nyheitsredaktør i Klassekampen og forfattar.

DAG O. HESSEN er professor i biologi ved Universitetet i Oslo, og mangeårig spaltist i Morgenbladet.

KRISTIN FRIDTUN er språkvitar og forfattar, med fast språkspalte i Dag og tid, og stadige sakprosautgjevingar.