Stamceller, kroppens superheltar

bookmark

Føredrag ved Øystein Runde

lørdag 20. oktober 2018, kl. 16:00 til kl. 16:45

Sal: Kverneland

Arrangør: Norsk faglitterær forfatter- og oversetterforening

Inngang: Gratis

Kroppen din er laga av celler, byggeklossar som gjer deg til deg. Ei slik samling celler heiter Øystein Runde. Når cellene er samla til Øystein, teiknar dei teikneseriar, og forklarar kvifor stamcellene har superkrefter og korleis forskarar kan bruke stamceller til å reparere skadar, gro nye organ og, kanskje, hente utdøydde dyr tilbake til livet. Øystein formidlar forsking så ny at både barn og vaksne kan bli overraska.

 

Øystein Runde (f. 1979) er teikneserieskapar.