Vår historie og verdshistoria

bookmark

Med Vigdis Hjorth, Åsa Linderborg og Elisabeth Åsbrink

lørdag 20. oktober 2018, kl. 13:00 til kl. 13:45

Sal: Amalie Skram

Arrangør: Norsk faglitterær forfatter- og oversetterforening

Inngang: Gratis

Dei har valt sakprosa til å formidle dokumentarisk stoff. Dei har valt romanen til å formidle dokumentarisk stoff. Og alle tre har dei forsøkt å skrive noko sant om sosialdemokratia, og om når slike verdiar sviktar. Tre av Nord-Skandinavias skarpaste historieforteljarar møtest til samtale om konstruksjon, rekonstruksjon og val av sjanger og disiplin. Heidi Taksdal Skjeseth styrer ordet.

 

VIGDIS HJORTH er forfattar, og har vunne m.a. Dobloug-, Brage- og kritikerprisen for sine bøker.

ÅSA LINDERBORG er redaktør og forfattar, og aktuell med Det populistiska manifestet.

ELISABETH ÅSBRINK er journalist og forfattar, og har vunne m.a. Augustprisen for sine bøker.

HEIDI TAKSDAL SKJESETH er forfattar og journalist.