Korleis lage ein baby?
Anna Fiske er ein prisløna kunstnar, illustratør og forfattar, som i vår kom med den kritikarroste boka Hvordan lage en baby. Det er ei «ærlig og fantastisk bok» (frå bokmelding i VG) som skildrar kjærleik og forelsking, og unnfanging, svangerskap og fødsel. Med utgangspunkt i denne boka, held Fiske forteljarstund for barn. Det passar særleg godt for barn i førskulealder, frå fire år og oppover, og er gratis for alle.