Ytring mot alle odds
Korleis er situasjonen for sakprosaen i Iran og Bangladesh i dag – eigentleg? Høyr forfattarar med førstehandsrøynsle fortelje: Asieh Amini måtte flykte frå Iran på grunn av dei samfunnskritiske tekstane sine. Ho vil samtale med Ahmedur Rashid Tutul Chowdhury om ytringsfridom, om utfordringar i heimlanda deira og om det å leve i eksil. Kristina Quintano styrer samtalen. Arrangementet blir gjennomførd i samarbeid med Norsk PEN.
ASIEH AMINI var kåra til den mest framståande yngre poeten i Iran av UNESCO i 2005 og er i tillegg journalist.
AHMEDUR RASHID CHOWDHURY (også kjend som Tutul) er forfattar, redaktør og forleggjar frå Dhaka i Bangladesh og har fått PENs Ossietzkypris.
KRISTINA QUINTANO er forleggjar og omsetjar. Kommande bok er Budbringeren fra Helvete (2020).