Ny bok

bookmark

Med Lars Mæhle

torsdag 27. mars 2014, kl. 18:00

Sal: Berner-kjelleren

Arrangør: Litteraturhuset

Inngang: Gratis

I 2009 kom Lars Mæhles fyrste bok om Landet under isen, som blei tildelt Kulturdepartementets litteraturpris, Uprisen, Fabelprisen og vart nominert til Brageprisen. No kjem det ein ny bok om islandet, som har undertittel Dødeboka. Leo Rubin får her ei grufull oppgåve, og må komme seg til Karnak, tempelet lengst sør i Landet under isen før vintersolkverv. Vil han og venene hans klare å få fatt i «Dødeboka», protokollen med svara på dødens gåter? Vil dei klare å stoppe den hemmelege sekten Soltempelordenen, og sektleiaren, den nådelause Hathor? Eller vil dei alle saman døy? 

Mæhle har skrive meir enn tjue bøker og i mange ulike sjangrar. Debuten var Keeperen til Tunisia (2002), som blei til den prislønte filmen Keeper’n til Liverpool. No blir han intervjua av ungdomane sjølve i dette arrangementet som er laga i samarbeid med Ubok.