Nynorsk kvinnepower

bookmark

Ved sju av dei

tirsdag 8. mars 2016, kl. 19:00

Sal: Wergeland

Arrangør: Vennelaget Samlagsrota

Inngang: Billett

”Eit sant mirakel” skreiv Kjartan Fløgstad om den sterke veksten innanfor nynorsk skjønnlitteratur dei siste tiåra. I fremste rekkje markerer dei unge kvinnene seg, i alle sjangrar og på alle arenaer – satiriske og lattermilde, oppglødde og kritiske, impulsive og analytiske. Dei rører seg ledig og treffsikkert innanfor essayistikk, dramatikk, sakprosa, romankunst og poesi, pluss nokre oppdikta sjangrar til. Desse utvalde 7 er verdige representantar, og Fløgstad får både æra og gleda av å samtale med dei i Wergeland-salen 8. mars:

Marit Eikemo, Mette Karlsvik, Anna Kleiva, Ruth Lillegraven, Olaug Nilssen, Agnes Ravatn, Gunnhild Øyehaug

Velkommen!