Nyskapande bibeldikt

bookmark

Boklansering med opplesning

mandag 6. oktober 2014, kl. 19:00

Sal: Amalie Skram

Arrangør: Verbum

Inngang: Gratis

Ei gruppe skjønnlitterære forfattarar stod sentralt i arbeidet med den nye bibelomsettinga som kom i 2011. Det litterære prosjektet Bibeldikt redigert av  Jan Ove Ulstein og Alf Kjetil Walgermo tek samarbeidet eit skritt vidare og viser at Gud for alvor er attende i skjønnlitteraturen: I ei og same bok skriv 88 norske forfattarar dikt i samtale med bibeltekstar.

Formålet med prosjektet har vore å sette forfattarane i kontakt med den nye bibelomsettinga, og sjå kva som skjer i møtet med bibeltekst. Resultatet har vore overveldande. Mange av dei fremste poetane i Noreg er med, og dei byr på eit vell av litterære tilnærmingar. Bibeldikt er blitt ei unik og nyskapande bok.

Bibeldikt er den tredje boka Verbum gir ut i etterkant av bibelomsettinga, der dei to første var Bibelsk og Bibelen 3.0.

* Redaktørane Jan Ove Ulstein og Alf Kjetil Walgermo presenterer antologien Bibeldikt
* Samtale med Aasne Linnestå om det å skrive poesi med utgangspunkt i bibeltekst
* Diktopplesing av Steinar Opstad, Ingrid Storholmen, Torgeir Rebolledo Pedersen og Lina Undrum Mariussen