Open mikrofon

bookmark

Har du noko på hjartet?

fredag 24. september 2010, kl. 21:00

Sal: Kjelleren

Arrangør: Litteraturhuset

Inngang: Gratis

På Oslo kulturnatt er mikrofonen på Litteraturhuset open for alle som vil nytta seg av den. Spirande forfattarar kan lesa eller opptre i inntil tre minutt, og forfattar, musikar og DJ Anders Bortne introduserer, speler plater og set stemninga både før og etter lesingane. Litteraturhuset arrangerer denne kvelden Open mikrofon for niande gong. Opplesarane har vore mellom sytten og nittifire år, og alle tenkjelege sjangrar har vore representerte.

Alle kan vera med, men fyrstemann til mølla!

Påmelding éin time før arrangementet tek til. Velkomen til fullt hus, litterært påfyll og fest ut i natta.