Quiz

bookmark

NM i litteratur

onsdag 12. desember 2012, kl. 19:00

Sal: Wergeland

Arrangør: Litteraturhuset

Inngang: Gratis

Kven blir noregsmeister i litteratur i 2012? For sjette gong på Litteraturhuset har du høve til å bli noregsmeister i litteratur. Ta ein pause frå kakebakst og golvvask, og tørk heller støv av gamal kunnskap. Levande og døde forfattarar, eselet frå Kardemomme by, gode sitat, sære pseudonym og nesten ukjende passasjar frå Det gamle testamentet. Her er det naudsynt med eit breitt samansett lag som har mykje bokleg lærdom inne. Vinnarlaget frå i fjor blir utfordra, og vil de ha namnet på vandrepokalen, må blyantane vere skikkeleg kvesste.

Spørjemeistrar er Tuva Ørbeck Sørheim, Anne Gaathaug og Aslak Sira Myhre. Maks seks deltakarar per lag. Påmelding til post@litteraturhuset.no.

NM I LITTERATUR ER NÅ FULLTEGNET!