Så rart?

bookmark

Bente Roestad om Kon-Tiki

lørdag 19. oktober 2013, kl. 13:00

Sal: Nedjma

Arrangør: Litteraturhuset

Inngang: Gratis

Thor Heyerdahl blei verdskjend då han i 1947 drog over Stillehavet med «Kon-Tiki», ein flåte bygd av balsatre. Han ville syne at det kunne ha vore menneske frå Sør-Amerika som slo seg ned på øyane i Stillehavet. Men korleis var det eigentleg der ute på havet i dei 101 dagane ferda varde? Kva åt dei, hadde dei med seg gitar, og såg dei hai? Bente Roestad er mellom anna kjend for bøkene ho har skrive om Blekkulf. No fortel ho om ein annan av heltane frå havet i Litteraturhusets sakprosaserie for barn, «Så rart?». Passar best for barn frå seks til ti år.