Så rart?

bookmark

Sylfest Lomheim om språk og morsmål

lørdag 14. februar 2015, kl. 13:00

Sal: Nedjma

Arrangør: Litteraturhuset

Inngang: Gratis

I Noreg seier grisen «nøff nøff». Dei som bur i England, meiner han seier «oinkoink», mens nederlendarane meiner at han seier «knor-knor».

Korleis kan det ha seg at grisen ikkje snakkar same språk overalt? Men er det eigentleg å forvente, når ikkje menneska gjer det? Tidlegare sjef i Språkrådet Sylfest Lomheim veit eitt og anna om språk, og no feirar me morsmålsdagen saman med han. Lurer du på kva språk som er det største i verda, og kva som er det minste? Kva språk er det som flest menneske er glade i? Er det det språket som vert kalla morsmål? Me spør Sylfest. Passar best for barn frå sju år.

ILL.: Stina Langlo Ørda