Samtida sett gjennom outsiderens briller

bookmark

Eit møte med Marit Eikemo

onsdag 17. april 2013, kl. 18:00

Sal: Nedjma

Arrangør: Vennelaget Samlagsrota

Inngang: Billett

I romanane Mellom oss sagt,  Arbeid pågår og Samtale ventar ser Marit Eikemo samtida gjennom outsiderens skarpe briller. Sosialkomedie eller sosialtragedie? Eller svart humor? Både kritikarar og lesarar reagerer ulikt. Nokre græt, andre ler, alle kjenner vi oss igjen. For Samtale ventar har forfattaren fått Nynorsk litteraturpris. Essaysamlinga Samtidsruinar, kåra til årets nynorskbok 2008, viser den glitrande sakprosaforfattaren Eikemo.

Kaja Schjerven Mollerin samtaler med forfattaren. Marit Eikemo les frå eit nytt manus.

Gratis inngang for medlemmer av Samlagsrota, Det Norske Samlaget og NFF.

Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.