Skeive lesingar av Bibelen – kva medfører dette?

bookmark

Skeiv seminarrekke våren 2009

onsdag 6. mai 2009, kl. 18:00

Sal: Kverneland

Arrangør: Nettverk for forskning om homoseksualitet og Skeivt forum

Inngang: Billett

Halvor Moxnes og Jorunn Økland er to av landets fremste bibelfortolkarar som brukar queer teorien sine verkty til å kome med nye innsikter i utvalde tekstar. Kva er grunnlaget for slike lesingar, og kva nytt medfører dei?

I innlegget "Hva gjør en skeiv Jesus i en "normal" verden?" argumenterer Moxnes for at Jesu liv, hans ord og handlingar, set spørsmålsteikn ved ein ‘normal’ maskulinitet. Korleis sette Jesu spørsmålsteikn ved mannleg identitet som prega samfunnet i det fortidige Israel?

Økland sitt innlegg, " Skeive fornuftssirkler – om hvorfor skeiv bibelforskning er helt streit ", tek utgangspunkt i feministisk vitskapsteori. Fokuset ligg på korleis skeive lesingar av bibelen ikkje er ‘skeivare’ enn heteronormative, pietistiske, teologiske osb. Innser kristne organisasjonar at dei òg ‘bøyer’ bibelen når dei bygg kjønnsdiskriminerande institusjonar?

Halvor Moxnes er professor i teologi ved Universitetet i Oslo, og forskar særleg på Det nye testamentet, familie, seksualitet og kjønnsroller, kulturell kontekst for bibelfortolking, den historiske Jesus og sosialantropologi og bibeltolking. Moxnes har også fronta homofile rettar både i kyrkja og ellers i norsk samfunnsliv.

Jorunn Økland er professor i tverrfaglig humanistisk kjønnsforsking ved Universitetet i Oslo, og forskar særleg på korleis kjønnsteori kan innpassast i ein meir allmenn tolkningsteori; på Det nye testamentet (særleg Paulus og Johannes’ openberring), og på Bibel-bruk i moderne kultur og filosofi. Doktoravhandlinga hennar tok utgangspunkt i bibeltekstane som påbyr kvinner å bruka skaut.