Snorre

bookmark

Mannen og litteraturen

onsdag 28. mai 2014, kl. 19:00

Sal: Berner-kjelleren

Arrangør: Litteraturhuset

Inngang: Billett

Konunga sǫgur eru hér ritaðar.

Snorre Sturlason blei fødd i 1178 og myrda av svigersonen i 1241. Han var då ein av Islands mektigaste menn, med ein makthug som tok han stadig djupare inn i spiralar av hemn, vald, nye alliansar og nye fiendskapar. Men før det hadde han skrive ei innføring i skaldskap, Den yngre Edda, og Heimskringla, hans mest skatta verk, sogene om dei norske kongene frå Harald Hårfagre til Magnus Erlingsson.

«Sammen med Bibelen er Kringla Heimsins det nærmeste vi kommer en hellig bok i Norge», skriv Thorvald Steen i essaysamlinga Den besværlige historien frå i fjor haust. Han er oppteken av Snorre både som historikar og litterær stilist og gjorde han til hovudperson i romanen Den lille hesten frå 2010. Der er scena Snorres heimgard Reykholt, og det er fem dagar att til skalden skal møte si endelykt.

«Snorre var den første romanforfattar i Norden», har forfattar Mette Karlsvik skrive om den islandske stormannen. Dei to siste utgjevingane hennar, Post oske. Dagar og netter i Reykjavik og Bli Björk har blitt skrivne etter opphald på vulkanøya – ei øy der ein etter krakket må finne på noko nytt. Kan ein bruke sagaer om verdigheit og heltemot då, slik Snorre blei nasjonsbyggjar i Noreg i 1814 og 1905? Sagaer og folklore har ein sentral plass både i islandske Bergsveinn Birgissons kritikarroste roman Svar på brev frå Helga og hans Brageprisnominerte sakprosabok Den svarte vikingen. Birgisson har forska på mellom anna Snorre i doktoravhandlinga Inn i skaldens sinn, og jobbar som norrønfilolog ved Universitetet i Bergen.

Mellomalderhistorikar Bjørn Bandlien har hatt sin eiga spalte i Klassekampen kalla Kringla Heimsins og har skrive fleire bøker om den islandske skalden, maktmennesket og historikaren. No møter han Steen, Karlsvik og Birgisson til samtale.

ILL.: Christian Krohg