Vesaas’ Is-slottet – ei markering av 50 år i norsk litterær historie

bookmark

Høgskolen i Oslo og Akershus (HiOA) overleverer Is-slottet-manuskriptet til Nasjonalbiblioteket

torsdag 26. september 2013, kl. 13:15

Sal: Nedjma

Arrangør: HiOA, Fakultet for lærarutdanning og internasjonale studium og Læringssenter og bibliotek

Inngang: Gratis

Is-slottet er eit av hovudverka til Tarjei Vesaas. Boka kom ut i 1963 på Gyldendal Norsk Forlag, og blei året etter heidra med Nordisk Råds litteraturpris. Høgskolen i Oslo og Akershus har funne det maskinskrivne manuskriptet til førsteutgåva, med handskrivne kommentarar av forfattaren, i arkiva. Torsdag 26. september overrekkjer høgskolen manuskriptet til Nasjonalbiblioteket under ei markering på Litteraturhuset i Oslo.

Presse, interesserte, studentar og tilsette ved Høgskolen i Oslo og Akershus er velkomne.

Program
13.15–13.25 Ei vennegjerning. Christen Krogh, forskingsdirektør ved Høgskolen i Oslo og Akershus, viser manuskriptet, og fortel historia om korleis Is-slottet kom i høgskolens eige.
13.25–13.45 Is-slottet. Oppkomst og mottaking. Kåseri ved Olav Vesaas, forfattar og journalist, son av Halldis Moren Vesaas og Tarjei Vesaas.
13.45–13.55 Tabu og trauma? Lærarstudentar ved HiOA kommenterer Is-slottet.
13.55–14.05 Vesaas, Is-slottet og forlaget. Einar Ibenholt, forlagsdirektør Gyldendal Litteratur.
14.05–14.15 Overrekking til Nasjonalbiblioteket. Knut Patrick Hanevik, dekan ved Fakultet for lærarutdanning og internasjonale studium, og studentar, overrekkjer manuskriptet til Nasjonalbiblioteket.
                        Manuskriptet som eit verdfullt tilskot til Vesaas-materialet i Nasjonalbibliotekets samling. Bente Granrud, seksjonsleiar for Handskrifter og tematiske samlingar, tek imot gåva på vegne av Nasjonalbiblioteket.